Lansering: Veke 6 på nynorsk
Dato/Tid
30/11/2020
16:30 - 17:30
Sted
I haust oppdaterte Sex og Politikk materiellet vårt for seksualitetsundervisning for 8. til 10. trinn i samsvar med dei nye læreplanane. Vi er glade for at materiellet no er tilgjengeleg på nynorsk, og seier vel møtt til ei digital markering måndag 30. november.
- Guro Kristin Gjøsdal frå Nynorsksenteret
- Synnøve Sætre frå Noregs Mållag
- Gunnhild Skjold frå Norsk Målungdom
- Wenche Sande frå Amathea Møre og Romsdal
Vi har òg fått med oss Eva Vinje Aurdal som ordførar i Ålesund, den største nynorskkommunen i landet. I tillegg vil Ellen Hansen frå Sex og Politikk snakke om korleis materiellet er endra og forbetra.